

Vi seks oppdrettarane i Valdres Rakfisk BA er dei einaste i Noreg som har spesialtetsmerket og beskytta geografisk betegnelse på rakfisken. Dette innbærer at vi er dei einaste som kan kalle fisken vår «Rakfisk frå Valdres». Desse merka er ein garanti for at du kjøper norsk rakfisk av høgaste kvalitet.
Rakfiskprodusentane med eigen oppdrett i Valdres har gått saman i Valdres Rakfisk BA. Alle oppdretter og foredlar sin eigen fisk, men vi samarbeider om felles kvalitetskriterier, mellom anna:
- Norsk fisk, fødd og oppvaksen i Valdres
- Fisken går i friskt, reint og oksygenrikt fjellvatn
- Kort transport
- Fisken blir lagt ned maks. to timar etter opptak
- Gardane nyttar sine eigne tradisjonsrike oppskrifter, som har fulgt garden i århundrer
- Vi nyttar ingen tilsetjingsstoff
- Fisken leverast i tre modningsgrader; mild, lagra og vellagra